Mari

Mari Klingen

Mari Klingen er musikar, tekstforfattar og komponist. Ho er frå Orkdal, Sør-Trøndelag, men bur i Oslo. Ho har seks års utdanning innanfor rytmisk musikk, deriblant ein mastergrad i utøvande rytmisk musikk frå Universitetet i Agder (Musikkonservatoriet i Kristiansand). Ho har bakgrunn frå folkemusikk, visesong, jazz og improvisasjon.

Mari har turnert sørlandet med Cole Porter-konsertar, Rodgers & Hart-konsertar, og ho har arrangert to mini-festivalar med fokus på musikken til Crosby, Stills, Nash & Young, og Joni Mitchell. Ho har hatt eit tett samarbeid med jazzgitarist Øyvind Nypan i ulike konstellasjonar, og i bandet deira, Nypan/Klingen sextet. Ho har òg laga ei musikkteaterframsyning for Rikskonsertene saman med Carina Frantzen, basert på figurar frå Torbjørn Egners univers. I 2008 starta ho bandet SalmeKlang, som driv med salmar og folketonar. Dei har gitt ut to album, samarbeida med folkesongar Kim André Rysstad og forfattar Gaute Heivoll, og speler jevnleg konsertar. Saman med pianist Gisle Haaland har ho duoen BLAA, og her skriv Mari tekstar på eiga dialekt. Jamvel om ho har jobba mykje i band har det vore naudsynt for Mari å gjere eige materiale også, både innanfor pop, jazz og improvisasjon. Mari har labelen «Marigram Records» der ho gir ut musikk digitalt.

Noverande band/prosjekt:
Mari Klingen – solo
BLAA – duo med Gisle Haaland.
SalmeKlang Mari er frontvokalist.

Andre band/prosjekt:
Nypan/Klingen sextet – legendarisk jazzband frå Kristiansand leda av Mari og gitarfantom Øyvind Nypan. Det er alltid snakk om reunion.
Folk, Røvere og andre dyr: Musikkteaterframsyning med Karoline Haakaas Jaavall. Laga av Mari og Carina Frantzen.

Vokalpedagog:
Mari har utdanning som vokalpedagog, og held mesterklassar, seminar og workshops. Ho jobbar mest med improvisasjon og det fysiske aspektet ved song, men også med formidling og tolkning.

For tia er hun tilknytta Musikkfolkehøgskolen Viken og Musikkteaterhøyskolen. Her jobbar ho blant anna med song, musikkteori, musikkformidling, samspel og låtskriving.

Ho har tidlegare jobba ved Ansgar Teologiske Høyskole og Bibelskole, Bibelskolen i Grimstad, Kristiansand Kulturskole, Mandal Kulturskole, Agder Teater, Universitetet i Agder og NLA Høgskolen i Staffeldtsgate.

Kontakt: mariklingen[at]hotmail.com

Advertisements