Tag Archives: salmeklang

Noen må våke i verdens natt

Mitt orkester gjennom åtte år, SalmeKlang, skal ut på miniturné i februar. Vi gleder oss veldig, spesielt fordi vi har nye salmer på repertoaret. I år gjør vi noe vi aldri har gjort før, vi har bestemt oss for å dele et øvingsopptak med verden. Vi hadde øvingshelg/preprod i Torridal Kirke i oktober 2015, og vi deler nå vårt arrangement på salmen «Noen må våke i verdens natt». Det ferdige resultatet kan dere får høre på konsert, turnélista er oppdatert, vi sees.

Advertisements
Merkt , ,

TAKK!

Takk til alle som kom for å høyre på oss i Stockholm, Örebro og Oslo. Det var ei kjekk helg, og det beste er at no kan me gjere noko for ungane i Jimba, Kenya.

Ellers skjer det mykje. BLAA har spela inn musikkvideoar, planlegg singelrelease, og SalmeKlang legg nye planar for konsertar og prosjekt.

IMG_7887

Merkt , , , , , , ,

November, så langt.

Eg sang live på TV2s «God Morgen Norge» saman med Frode Alnæs, Hilde Norbakken og Adam Douglas her om dagen. Kjempestas, det er sjeldan eg gjer sånne korejobbar, men eg satte stor pris på å få vere med dei her. Gode folk!

Image Hilde Norbakken og eg

Eg har også vore på turné med dei fine gutane i SalmeKlang. Me flytta inn i ein bil og køyrde frå Vennesla og heile vegen opp til Svorkmo. Traff gode folk på kvar ein knaus, spelte fine konsertar og for meg personleg var det stort å kunne kome til heimbygda mi med bandet mitt.

Image

SalmeKlang utafor farmors gamle hus på garden heime.

Førstkommande søndag syng eg jula inn i Nittedal Kirke. Eg lovar julestemning!

Image

Merkt , , , , , ,

Travelt!

Kjære tid. Verda går fort. I helga var me i studio, spelte inn to av songane mine. Eg er så heldig som har så fantastiske vener, dei speler og syng så fint, songane mine veks og blir noko anna. Det blei langa dagar, men kva gjer vel det? På søndag var eg med på NRK sin innsamlingsaksjon, eg var med i bandet til Frode Alnæs. Me speler sleppkonsert på Herr Nilsen i kveld, faktisk. Sjå dette fine bilete frå gårsdagens gig:

Bilde

Om nokre veker skal eg på haustturné med SalmeKlang, me skal til vestlandet og trøndelag. Eg er så heldig, og eg elskar både hausten og jobben min!

Merkt , , ,
Advertisements