Kva gjorde eg i 2015? Ganske mykje, eigentleg. Det har vore eit godt år på mange vis, og eg er særs nøgd med å kome så langt vekk frå 2014 som mogleg. Eg kunne sagt mykje om kor kjekt det er å vere pedagog, om å undervisa i musikkteori, om fine turar i fjell, skog og utland, om alle bøker og dikt eg har lese, om alle samtalar eg har hatt, men det skal eg ikkje. Eg vil heller skriva om musikken min. For det har vore eit bra år for Mari Klingen, utøvaren.
I januar og mars slepte eg to singlar digitalt, «Off we go» og «Other half», og i april/mai var eg på ein miniturné i Sverige/Noreg med solosongane mine. Utruleg stas å vere ute på eige hand, eg likar godt å sitje ved pianoet sjølv. Vonleg kjem det fleire solosongar i 2016. Eller 2017.
Eg og Gisle har teke BLAA til nye høgder. Me har spela inn fire musikkvideoar, og tre av dei kan du sjå på YouTube. Det er songane «Ord, berre ord», «Uro» og «Noko» som har fått svingt seg. Me har også gitt ut ein singel, «Hav og fjell», og me hadde ein heidundrande sleppfest i september. I februar kjem det ny song «Viskelær», og me har også ein ny video me vil dela med dykk.
SalmeKlang har hatt ein fin haust, med konsertar og øvingshelger. I 2016 ventar fleire konsertar, eit spennande samarbeid og research til ny plate. Det er kjekt å vere salmist!