4.september kom singelen «Hav og fjell» ut på Marigram Records. Me feira songen med ein sleppfest på Caféteatret 10.september, og det blei en kveld me alltid vil hugse.
«Hav og fjell» handlar om å ta farvel. Når fjellet blir for høgt til at du kan makta å ta deg over, og når havet blir for djupt for deg. Kva sit du igjen med då? Kva gjer du, når stemma som kviskra store ord berre blir taus? Når det meste blir sagt når ingen klarar å seie noko? Når du hadde opna døra på gløtt, sto der og venta. Tok deg sjølv i å tenkje at kanskje, kanskje skal eg opna døra berre litt til. Og kjensla du fekk, då du forsto at det var no det var over.
Aldri er fjellet så uoverkommeleg som då. Ingen båt kan ta seg over sånt eit hav.
https://itunes.apple.com/no/album/hav-og-fjell-single/id1030577393?l=nb