Kategori: ukategorisert
-
Desember like rundt hjørnet.
I fjor kom BLAAs første singel «Desembervise», en annleis julesong. Du kan fortsatt kjøpe og høyre songen, berre gjer det. Me kjem med nytt materiale neste år, gled dykk.
-
Livet og døden.
Nokre gonger skjer ting. Og du må berre ta ein pause. Re-arrangere livet ditt, lage ein ny plan. Halde fast på at det som ikkje tek livet av deg, vil gjere deg sterkare. Og for meg er den tida no. Alle konsertar, slepp og events for 2014 er avlyst. Men…
-
Star of Hope
Eg har vore i Kenyar med Star of Hope. Eg kunne ha skreve ei novelle eller to om korleis det var, kva eg tenkte då, kva eg tenkjer no, korleis det var å møte fadderbarnet mitt, om alle gongene det reiv i hjartet, alle gongene eg hadde lyst til å…
-
TV TV TV!
Om du ikkje fekk det med deg, her er video frå fjorårets tv-aksjonsgig med Frode & co.
-
2014, baby!
Dei har gjort det igjen. Mine gode vener i Phone Joan er klare med sin tredje fullengdar, plata heiter «Turning Pages», ho er spela inn i Nashville og eg skal få synge med dei på sleppfesten førstkommande fredag. Stikk innom Phone Joan, og hugs å kjøpe plata Her er bilete…
-
Desembervise!
No er Desembervise ute! Du kan høyre songen i iTunes, Spotify, WiMP, og på…. Amazon. Kos deg!
-
November, så langt.
Eg sang live på TV2s «God Morgen Norge» saman med Frode Alnæs, Hilde Norbakken og Adam Douglas her om dagen. Kjempestas, det er sjeldan eg gjer sånne korejobbar, men eg satte stor pris på å få vere med dei her. Gode folk! Hilde Norbakken og eg Eg har også vore…
-
Travelt!
Kjære tid. Verda går fort. I helga var me i studio, spelte inn to av songane mine. Eg er så heldig som har så fantastiske vener, dei speler og syng så fint, songane mine veks og blir noko anna. Det blei langa dagar, men kva gjer vel det? På søndag…
-
Gislaved Studio
Eg har laga ein julesong, og eg og Gisle har laga band. I dag stikk eg innom Gislaved Studio for å legga vokal. Gler meg til å dela julesongen med alle. Neste helg tek eg med meg sju fantastiske musikarar til eit anna studio, og me skal spele inn to…
-
Skrive, skrive, skrive
Eg brukar dagane til å reisa, undervisa, synga, skriva, lesa, oppleva, tenka og høyra. Kor velsigna er vel ikkje eg? I september skal eg skriva, i oktober skal eg synga, spele og spela inn. Sjåast på den andre sida! Eg i Gislaved Studio.